Vårt daglege brød

Å, neidu, eg skal ikkje bli matbloggar. Men etter å ha diskutert brødbakst her og der, deler eg her mi favorittoppskrift på kvardagsbrød. Oppskrifta burde ha heitt Kolbjørnbrød, sidan det er ein flink bakar som heiter Kolbjørn som skal ha æra for denne oppskrifta. Sjølv har eg baka brød sidan nittitalet. Eg synest kjøpebrød oftast er tørre, dyre og smaklause. Mor mi har alltid baka fantastiske grovbrød og eg har lært det meste av henne.

Til kvardags vil eg ha eit brød som smakar godt, er sunt, som ikkje smular mykje, som er kjapt å lage, og som ungane likar. Eg bakar ein til to dagar veka. Eg bakar fire i slengen og brukar langpanne. Smør litt smelta smør på kanten av brøda, så er det lett å få dei frå kvarandre.

Til fire brød
12 dl kaldt vatn
1 pk gjær (tørr eller fersk)
1 pk kornblanding (kornbrød, gul-oransje pakke, ikkje den som er raud.
0,5 kg spelt
Kveitemjøl har du i medan du eltar, til deigen slepp bollen

Eg brukar spelt frå Mylnå. Av og til sammalt og avog til fint. Eller så har eg begge deler og kuttar ned på kveitemjøl. Har du rug, er det fint å variere med.

Eg eltar med eltekrok i kjøkenmaskin. Ca 10 minutt.
Hev til dobbel storleik. Bak ut, legg på bakepapir i langpanne. Hev i ca 1 t. Steik midt i omnen på 200 grader i 50 minutt.

Innlegget er ikkje sponsa om nokon skulle lure på det. Mylnåmjøl får du både her og der, går du ikkje tal i, kan du kjøpe spelt feå andre produsentar. Om eg får tak i, brukar eg økologisk mjøl.

IMG_7724.JPG

IMG_7725.JPG

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Oæh!

Han dauda, visst. bloggen. No står han snart opp att! Det er trass alt påske.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Oæh!

Det vart så stilt. Frå meg. Her på bloggen. Det var kanskje eit resultat av tidspress, prioritingsfeil, flytting, ny jobb og blablabla. Uansett: Eg trur eg skal blogge litt meir. Snart.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Exit lokalavisa som arena for debatt?

Norske lokalaviser har ikkje teke steget ut i den digtale verda. I dag har eg vore debattleiar på LLA sitt landsmøte. Norske lokalaviser har gjennom programmet Ung&Engasjert sett som målsetjing at fleire unge skal røyste ved val. Ved førre val var det berre 33 prosent av fyrstegongsveljarane som røysta.

Ungdomspartia sat i panelet og møtte norske lokalavisredaktørar, journalistar og andre leiarar. Alle parti (unntatt Venstre, som har landsmøte) var representert. Samtlige i panelet brukte sosiale medier. Då vi spurde salen om kor mange av lokalavisene som brukte sosiale medier aktivt, vart det stille i salen. 

Ungdomspartia opplever ein auke i medlemstalet. Ein kan dermed setje spørsmålsteikn ved tesa om at ungdom gir blanke i politikk. At det ikkje går an å røyste via sms eller internett, kan heller ikkje vere forklaringa åleine. 

Prosjektet «Ung&Engasjert» er eit viktig demokratisk prosjekt. Lokalavisene sitt viktigaste produkt er papiravisa. Eg høyrde noko seie at gårsdagens ungdom forventa effektivitet, medan dagens ungdom forventar deltaking. Og dei fleste ungdom skriv ikkje lesarinnlegg på skrivemaskin. Dei bloggar, twitrar, brukar Facebook og andre sosial medier. Terskelen for å delta elektronisk og via mobil er låg. Dette må avisene få opp augene for. Å delta på andre arenaer enn papiravis, øydelegg ikkje papirproduktet. Det kan både supplere og forsterke.

Enkelte lokalaviser er på nett, og lagar gode nettaviser. Svalbardposten www.svalbardposten.no er ei av avisene som har fått heiderleg omtale for si nettutgåve. Ei av avisen ei Noreg med minst ressursar, i eit pittelite samfunn. Andre lokalaviser har ikkje nettutgåve i det heile tatt. 

Ressursar er den vanlegaste orsakinga lokalaviser brukar når det gjeld nye medier. Dei har ikkje tid, pengar, teknologi. «Skal vi påleggje journalistane endå meir arbeid?» . Fleire av ungdomspartia, Sosialistisk Ungdom, AUF, KrFU, FpU, Raud Ungdom, Unge Høgre, Senterungdomen, hadde gode forslag til korleis lokalavisa kan skape ungt engasjement. Mange nettløysingar er gratis og lette og lære. Ein kan invitere lokale ungdomsparti til å blogge på lokalavisa sin web og dermed føre den politiske debatten dit. Forslaga var mange. Det viktigaste er at noko skjer.

Lokalavisene er eit av våre viktigste fora for samfunnsdebatt. Det er trist dersom dei ekskluderer seg sjølve.

3 kommentarar

Filed under Uncategorized

Plinge, kvitre

Det er 2009. Vi har mykje på hjartet. Og tek i bruk alle kanalar. 

Eg er ein treigas. Fekk først blogg i 2009, omlag ti år seinare enn mine innovative bloggvenner. Eg hadde ikkje tenkt å bruke tid på blogging. Ein kan leve eit heilt liv inne i laptopen sin, oppdatere twitter, flickr, facebook og suse rundt i second life, og så oppdagar ein at borna har blitt konfirmantar. Og bunaden strammar på ein litt klam måte, på ein plass ein ikkje visste at bunadar kan stramme. Javel. Så det var dette som var det digitale livet.

For eg likar helst å vere ute om dagen og lese om kvelden. Bøker, trykt på papir, der eg kan lage gamaldagse eseløyre, og slepp å høyre på vifta i datamaskinen, men heller kan lytte til nostalgisk blading, skvish.

Kan hende er eg eit web 2.o- offer. Ein stakkar som ikkje hadde noko val. Blog or die.  Eg bloggar, altså er eg. Iallefall her inne. Der ute. Men fregnene på nasen er det framleis berre vårsola som får fram. Så då går det vel bra med meg også.

3 kommentarar

Filed under Uncategorized